Lys i Mørkja - Kor Løye m/ orkester

Kor Løye. Pressebilete. Fotokjelde: Storfjord Kulturhus.
Kor Løye. Pressebilete. Fotokjelde: Storfjord Kulturhus.
Fredag, 12 april, 2019 klokka 19:30

LYS I MØRKJA (og god på botnen) med Kor Løye
Eit drama i to akter av dobbelLSD

Kor Løye er tradisjon tru klar med ny påskekabaret i palmehelga. Her er det berre å løsne på beltespenna og sleppe lattermusklane fri.

Sjefen for Orkla Foods Norway AS avdeling Stranda har kalla inn til krisestyremøte!

Kvitsnippane i Oslo har fått gjennomslag for ei ny lov, «Fastfoodlova», som klassifiserer all såkalla fastfood som ulovleg. Dermed blir alle produkta i sortimentet deira ulovleg frå 1.juni, og det blir kroken på døra for heile sjappa.

Her må det handling til! Kva gjer dei for å bevise at Grandiosa er sunt, og at du får i deg all næring du treng ved å ha eit kosthald kun beståande av Grandiosa? Dei legg ein slagplan, leiger inn ein ekstern «konsulent» som skal hjelpe til med motivasjonen, og sett i gang fleire store tiltak for å få ned vekta på alle ansatte ved å kun leve på Grandis i 30 dagar.

Når dei 30 dagane har gått, møtast alle ansatte på Stranda Legekontor for veging, måling og prøvetaking. Dette er den STORE deadlinedagen, og alt bør vere på stell for å redde denne hjørnesteinsbedrifta på Stranda. Dette er dramatisk! Får dei nokon gong sjå lyset i Mørkja igjen?

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: