Møre Banan med special guests

Torsdag, 15 august, 2013 klokka 20:00

Tospannet Fredrik Steen og Ørjan Liavåg fleskar til i teltet under årets trebåtfestival i Ulsteinvik - med ingen ringare enn ”Hildegunn og Leif-Per”.

Det blir parykkar, stand up og musikk og alt på ein gong, seier Fredrik Steen som kjem til Ulsteinvik og Trebaatfestivalen saman med sin gamle makkar, Ørjan Liavåg. Mange kjenner nok Møre Banan frå både revyscena og frå NRK P1, men først og fremst kjenner vi Fredrik Steen og Ørjan Liavåg som to svært morosame menn frå Hareidlandet.

- Det som er så gøy med å jobbe med Ørjan er at vi framleis får kvarandre til å flire. Vi les kvarandre godt på scena, noko som kjem godt med når ein skal improvisere. Det kjennast ut som om vi har tilgang på same nervesentral, seier Fredrik Steen om samarbeidet i tospannet. Dei to humorkollegaene fann tonen allereie på Ulstein vidaregåande skule i 1985, og saman har dei dyrka humoren, både privat og på scena.

 

Ladar opp i Oslo

I heile sommar blir dei to også å sjå på Sommerlatter på Aker Brygge saman med komikarane Thomas Leikvoll og Ørjan Burøe. I heile seks veker og minst 50 kveldar skal dei fire vere med på å more Oslo-publikummet frå sommarscena til Noreg sin største show- og humorscene ”Latter”. Og Hildegunn og Leif-Per har fått ein eigen post på programmet.

- Sidan parykken og lauspuppane blir gode og varme i løpet av sommaren, er det heilt naturleg å ta med Hildegunn og Leif-Per til Trebaatfestivalen i Ulsteinvik også, seier Fredrik som kan røpe litt om kva publikummarane i Ulsteinvik kan vente seg.

- Hildegunn og ektemannen nyleg investert i ei ny leilegheit i Oslo, og dottera, Brit-Bente, har ennå ikkje levert inn masteroppgåva si i sosialantropolgi, då ho for tida ladar opp til noregsmeisterskapen i Wordfeud, fortel han.

Avsmak på ball

”Leif-Per” kjem til Ulsteinvik med nystemt gitar og umiskjenneleg skinnjakke. Men det går rykte om at den gamle Opelen er bytta ut?

- Ja, Leif-Per måtte bite i det sure eplet og bytte ut den gamle og kjære Omegaen med ein ny Toyota Avensis. Gamlebilen gjekk som eit olja lyn, men etter at ein viss lokal helt sølte ein halvliter med baconfeitt og fire porsjonar potetball i baksetet, vart bilen selt til ein fyr på Stadt med dårleg luktesans. Bilen vart vaska både ut og inn, men det var ingen veg tilbake. Leif-Per har heilt mista lysta på potetball etter dette, kanskje for alltid, fortel Liavåg som også vil røpe kven den nye Omega-eigaren er under Trebaatfestivalen.

Tid: Torsdag 15. august Stad: Festivalteltet på Rådhusplassen i Ulsteinvik

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: