The Magic of Musicals

Erland Dalen, Stine Hole Ulla og Magne Fremmerlid. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Erland Dalen, Stine Hole Ulla og Magne Fremmerlid. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Laurdag, 21 mai, 2016 klokka 18:00

I eit samarbeid mellom Sykkylven Blandakor, Ålesund Operakor, Brattvågkoret og andre songarar inviterer Prosjektkoret til ein storslagen konsertmedley.

Dette er ei framsyning i to akter bygd opp av konsertversjonen av musikalane Les Miserables og Phantom of the Opera. Vi får oppleve Stine Hole Ulla og Magne Fremmerlid som solistar saman med fleire lokale solistar frå kora.

Musikalsk leiar er Erland Dalen frå Hamar. I tillegg til å vere komponist er han også musikalsk leiar i mange ulike prosjekt. Han har mellom anna blitt tildelt fleire førsteprisar i samanheng med internasjonale konkurransar for sine kor, og som beste dirigent for sitt damekor Damenes Aften. Musikarar er Askjell Molvær, Arnt Olav Kaldvansvik, Kjetil Gjelstenli og Arnhild Vik

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: