MAItonar med Musikklaget Ulf og Herøy Brass

Musikklaget Ulf og Herøy Brass. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Musikklaget Ulf og Herøy Brass. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Søndag, 29 mai, 2016 klokka 17:00

Musikklaget Ulf inviterer til felleskonsert med Herøy Brass, på Sjøborg Kulturhus søndag 29. mai 2016. Det er fyrste gongen korpsa held felleskonsert, og begge ser fram til å vise både medmusikantar og publikum sitt konsertprogram. 

Herøy Brass gjennomførte i mars ein flott konsert saman med blant andre Rein Alexander. Deretter kan korpset skryte av bronseplass i TØF NORDVESTEN i april. Korpset kjører høgt tempo, og har allereie øvd inn nytt program til denne felleskonserten. Det er kjekt at dirigent Kjellstein Knotten kjem til «heimlege» trakter. Han tek med seg Herøy Brass sine om lag 30 medlemmar og fyller Sjøborg kulturhus med varme og kjende brasstonar.

Musikklaget Ulf har også heldt instrumenta godt varme denne sesongen. Etter ein forrykande nyttårskonsert saman med Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikkorps, reiste korpset til NM i Janitsjar i Trondheim i mars. Korpset, med dirigent Frode Dalhaug, er stolte over prestasjonane sine der, og gler seg over resultatet med siger i 5. divisjon. 

Ta turen til Sjøborg søndag 29. mai og opplev flott korpsmusikk! Ta gjerne søndagsmiddagen på hotellet denne dagen, med korpsmusikk til dessert.

Vel møtt!

Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement). Det vert også billettsal i døra. 

Billettpris 
Voksne kr 120,-
Born (under 16 år) kr 70,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: