Maj Britt Andersen Jubileum 2015

Maj Britt Andersen. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Kulturhus.
Maj Britt Andersen. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Kulturhus.
Onsdag, 4 november, 2015 klokka 18:00

Etter fjorårets suksess med Maj Britts Prøysen-samling, ei rekke tv-opptredenar og framsyningar landet rundt for å feire 100 års-jubileet til Alf Prøysen, er det i år Maj Britt sin tur til å feire sitt eige jubileum!

Det er 40 år sidan ho ga ut si første soloplate «Et lite under», og det er 30 år sidan ho starta samarbeidet med tekstforfattar Trond Brænne og komponist Geir Holmsen. Denne trioen hadde ein kjempesuksess på midten av åttitalet med m.a «Folk er rare»,barne-tv programmer i NRK, og framsyningar som var basert på barneplate-utgjevingar. Dei ga ut 12 cd-ar saman og alle blei Spellemannsnominert. I 1986 fekk dei prisen for Årets beste barneplate og i 1998 fekk dei NRK Barneradioens Krystall, for nyskreve norsk barnemusikk av høg kvalitet. Dei mottok også gull og sølv-plater for sine mange utgjevingar for barn.

Maj Britt og Geir Holmsen har i tillegg samarbeidd med bl.a. Ove Røsbak (”Vinterkropp), Bente Roestad (Blekkulf), Riksteatret og Ingunn Aamodt (Pulverheksa), hjelpeorganisasjonen FORUT (”Indranis sang” og ”Landsbybarna i Bawatele”). I 2014 reiste Maj Britt saman med Viggo Sandvik og Inger Lise Rypdal på turne med suksessframsyninga ”Hematt med Prøysen”.

I 2015 gir Maj Britt ut ei jubileumsplate, ein CD-trilogi. Maj Britt har plukket ut 60 ”favorittar” frå sine 20 CDar, som er gitt ut frå 1975 – 2015. Utgjevingane er planlagt i midten av oktober, og deretter skal ho på turne med bandet sitt på konsertstader i heile Noreg. Besetningen i bandet blir piano, bass og trommer / perc, og nokre stader vil lokale barnekor / skuleklasser medvirke på konserten saman med artisten!

Dette blir ein jubileumskonsert for heile familien, konserten blir ei fantastisk publikumsoppleving med ein av Noregs fremste formidlarar av musikk for barn!

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: