Maja og Raria Rusk - den forsvunne tannbørsten

Maja og Raria Rusk. Pressebilete. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Maja og Raria Rusk. Pressebilete. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Søndag, 12 februar, 2017 klokka 16:00

Mamma og pappa skal på Danskebåten, og dei sei at det ikkje er nokon stad for born. Derfor må Maja overnatte hos mormor, og det har ho ikkje noko lyst til.

Mormor vil jo berre høyre på radio og ete kringler, og det er så kjedlig! I protest kastar Maja tannbørsten sin opp på loftet til mormor, og då ho blir sendt opp for å hente den, oppdagar ho noko som er mykje meir spennande der oppe...

Raria Rusk er eit merkeleg vesen som påstår at ho bor oppe på loftet mellom skuffer, esker og spindelvev. Ho elsker å synge og danse, og med kråkestup og spllopper drar dei to jentene på oppdagelsesferd, på jakt etter den forsvunne tannbørsten.

Nokon her oppe må vel vite kor den er?

Forestillinga er spekka av song, dans og leik, den er eksplosiv av fart og energi. Borna får synge med på fleire av songane som dei får lære undervegs, dei får vere med i samtalar og problemløysing og når vi har blitt ordentlig varme i trøya, får alle saman vere med og danse med Raria Rusk og Maja.

Familieforestilling frå 3 år.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 100,-

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: