Maja og Raria Rusk - Jakten på den forsvunne tannbørsten

Maja og Raria Rusk. Pressebilete. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Maja og Raria Rusk. Pressebilete. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Onsdag, 8 februar, 2017 klokka 17:30

Velkomne til teater i festsalen, der det blir flest sitjeplassar på golvet, men også nokre stolar bakerst for dei som ynskjer det.

Mamma og pappa skal på danskebåten, og dei seier at det ikkje er noko for barn. Derfor må Maja overnatte hos mormor, og det har ho ikkje noko lyst til! Mormor vil no berre høyre på radio og ete kringler, og det er så kjedeleg!

I protest kastar Maja tannbørsten sin opp på loftet til mormor, og då ho vert sendt opp for å hente den oppdagar ho noko som er mykje meir spennande der oppe...

Raria Rusk er eit merkeleg vesen som påstår at ho bur oppe på loftet mellom skuffer, esker og spindelvev. Ho elskar å synge og danse, og med kråkestup og spillopper går dei to jentene på oppdagingsferd, på jakt etter den forsvunne tannbørsta. Nokon her oppe må vel vite kor den er? 

Framsyninga inneheld song, dans og leik. Den er ein eksplosjon av fart og energi. Borna får synge med på fleire av songane som dei får lære undervegs, dei får vere med i samtalar og problemløysing, og når vi har blitt ordentleg varme i trøya får alle saman vere med og danse med Raria Rusk og Maja.

«Det var en fornøyelse å se skuespillerens kontakt med publikum. Både historien i forestillingen og musikken fenget barna og de var med fra første stund. Begge skuespillerne er lekne og nydelig tilstede i øyeblikkene de lager med sitt publikum.» Elisabeth Seljevold Fladmoe Kulturkonsulent Frogn kommune. 

«Frisk, fargerik og fengende. En dramaturgisk godt oppbygget forestilling bygget på en god historie, entusiastiske og tydelig typete karakterer, flott musikk, sang og dans. Både barn og foreldre ble bergtatt.» Tonje Spjøtvold, produsent BAKgården.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: