Maja & Raria Rusk - Jakten på den forsvunne tannbørsten

Maja og Raria Rusk. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Maja og Raria Rusk. Pressebilete. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Torsdag, 9 februar, 2017 klokka 10:30

Ei teaterframsyning for born i førskulealder

Smårips teater kjem med ei framsyning spekka av sang, dans og leik og der barna får vere med å synge, danse og løyse problem undervegs. Framsyninga handlar om Maja som skal overnatte hos mormor. Det vil ho ikkje, så i protest kastar ho tannbørsten opp på loftet. Då ho blir sendt opp for å hente den, oppdagar ho Raria Rusk, eit merkeleg vesen som påstår at ho bur der oppe mellom skuffer, øskjer og spindelvev. Maja og Raria dreg på oppdagingsferd, dansande og syngande, med kråkestup og spilloppar, på jakt etter den forsvunne tannbørsten.

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: