Mandarinsaft - den magiske juledrikken

Mandarinsaft - Den magiske juledrikken. Fotokilde: Sjøborg Kulturhus.
Mandarinsaft - Den magiske juledrikken. Fotokilde: Sjøborg Kulturhus.
Torsdag, 10 desember, 2015 klokka 18:00

"Mandarinsaft - den magiske juledrikken" er ei musikalsk fortelling om jula i Mandarinvegen.

Snøen lavar ned, og Emma går heim frå skulen. Det er juleferie og ho gler seg til jul! Emma går forbi Trollskogen. Der høyrer ho nokon som gret. Det er Trollet som er lei seg. Han har ingen å feire jul saman med.

I Mandarinvegen blir alt gjort klart til jul. Aller øvst i vegen bur Sevrin. Har er ein varm og gjestfri person som alltid har opa dør og god tid. Då Trollet kjem til Sevrin sitt hus, skjer det magiske og spennande ting!

Målgruppe: 3-10 år.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 100,-

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: