Mannen i pappesken

fotokjelde: mannen i pappesken
fotokjelde: mannen i pappesken
Torsdag, 14 mai, 2015 klokka 18:00

Det var ein gong ein mann som var redd for alt. Han startar difor med å putte alt han er redd for i ein boks slik at han ikkje lenger kan sjå det. Då blir det ikkje fullt så skremmande lenger. 

Men, etterkvart som det blir fleire og fleire boksar, ser han at den einaste måten å overleve på, er å putte seg sjølv inn i ein boks. Og slik lev han, heilt til ein framand sett seg utanfor boksen.
Litt etter litt får den framande han til å sjå verda igjen, og han innser kanskje finns det ein betre måte å leve livet på, enn inni ein boks. Og, det kan vere fint og få litt hjelp på vegen. 
Dette er ei historie som mange vil kjenne seg igjen i. Kven av oss har vel ikkje noko vi er redde for? Men som Mumitrollet så klokt seier: ”Det er ingen kunst å vere modig – dersom ein ikkje er redd”.
Vi har vore så heldige å få med oss Andy Manley som instruktør og skapar av førestillinga. Han har også ved fleire høve arbeidd for Barneteatret Vårt, første gong med den kritikarroste førestillinga ”Hvit”, seinare med ”Paddetryne”, som han også var med å utvikle. 

Passar for born i alderen 5-8 år. 


Av: Andy Manley
Regi: Andy Manley
Lysdesign: Jonas P A Fuglseth
Musikk: Bjørnar Myhr
Scenografi: Märta Fallenius
Medverkande: Jonas Delerud og John Sigurd Kristensen

Stad
Sunndal kulturhus
Auragt. 2
6600
Sunndalsøra
Kommune: