Mardalskonserten 2019

Mardalskonserten 2019: PolkaBjørn og Kleine Heine 10 august i Eikesdal.
Laurdag, 10 august, 2019 klokka 18:00

Mardalskonserten er ein friluftskonsert som er lagt like under Mardalsfossen. Nord-Europas høgaste fossefall. For årets konsert er det trekkspel- og jodleduoen Polkabjørn og Kleine Heine som står på plakaten. Datoen er 10. august 2019.

Konsertane under Mardalsfossen har hatt karakter av krysnings-punktet mellom folkemusikk/jazz/rock av høg kvalitet. Det har og vore eit bevisst val av lokal tilknytning for val av artistar. Vi sel billettar til vaksne, men ynskjer at dette skal vere ei oppleving for heile familien, derfor går barn opp til 15 år gratis. Konsertplassen er utan straum og det er ikkje vanleg bilveg dei siste 1,5 km. Vi ordnar med aggregat og transport og dette har fungert betre og betre for kvart år.

Stad
Mardalen i Eikesdal
Kommune: 
Kategori: