Mardalskonserten 2020 - ISÁK

Laurdag, 8 august, 2020 klokka 18:00

Arrangøren av Mardøla-2020 er utruleg stolte av å ha på plass bandet ISÁK med Ella Marie Hætta Isaksen til årets Mardalskonsert den 8. august. Vi ønsker oss ein fossejoik !

Ella Marie Hætta Isaksen og bandet ISÁK gjorde seg for alvor bemerka i Norge i 2018 – først då dei hylla Mari Boine under spelemannsprisen og sidan i Stjernekamp på NRK, der Ella Marie gjekk av med sigeren. Bandet blandar tradisjonell joik, urbane synther og eit tekstunivers som kombinerer både engelsk og samisk. Dei har flytta grensene for det vi vanlegvis definerer som popmusikk.

Sommaren 2019 fekk publikum oppleve dei under Rauma-Rock både på festivalscena og med gratiskonsert ute på Trollstigen. ISÁK hadde også årets låt til TV-aksjonen 2019 Make room. Musikken fengar alle aldrar og konsertpublikumet spenner frå 7 til over 80 år i alder.

ISÁK består av vokalist Ella Marie Hætta Isaksen, Daniel Eriksen på div. synth, og trommeslager Aleksander Kostopoulos.

Stad
Kommune: 
Kategori: