Margot - Alt i boks

Margot - alt i boks. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Margot - alt i boks. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Fredag, 16 september, 2016 klokka 19:00

Noregs mest energiske enke gjer opp reknskap for livet sitt.

Øyvind Angeltveits prest kjem med velmeinte råd om kva som bør vere på plass ved slutten av livet og Margot oppdagar at ho har 1000 ting å gjere før ho døyr. Er det lov å ønskje seg ein pinata i si eiga gravferd? Får ho nokon gong prøve seg i slalombakken? Skal ho fortelle kva gutane i Kompani Inge eigentlig dreiv med under krigen? Kven fortente eigentlig tittelen "Miss Romsdal 1939"? Og sist, men ikkje minst: Skal ho ta familiehemligheita med seg i grava? Her er det berre ein ting å gjere: Snakke som ein foss!

Dette er Ina Breivik si tredje forestilling om den rappkjefta 86 år gamle Margot.

Dei to tidlegare forestillingane har hausta strålande kritikkar og tre komipris-nominasjonar. Med seg denne gongen har ho Øyvind Angeltveit, kjent frå Lompelandslaget og utallige revy og teateroppsetninger, tv-serier og filmar.

Regi: Karina Aase
Teksforfatter: Kjetil Kooyman

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: