Margot - Alt i boks

Margot - alt i boks. Pressebilde.
Margot - alt i boks. Pressebilde.
Fredag, 23 september, 2016 klokka 19:00

Øyvind Angeltveits prest kjem med velmeinte råd om kva som bør vere på plass ved livets slutt og Margot oppdagar at ho har 1000 ting å gjere før ho døyr. 

Er det lov å ønske seg pinata i si eiga gravferd? Får ho nokon gong prøvd seg i slalombakken? Skal ho fortelje kva gutane i Kompani Inge eigentleg dreiv med under krigen? Kven fortente eigentleg tittelen "Miss Romsdal 1939"? Og sist, men ikkje minst: skal ho ta familiehemmeligheita med seg i grava? Her er det berre ein ting å gjere: snakke som ein foss.

Dette er Ina Breivik si tredje framsyning om den rappkjefta 86 år gamle Margot.

Dei to tidlegare framsyningane har hausta strålande kritikkar og tre komipris nominasjonar. Med seg denne gongen har ho Øyvind Angeltveit kjend frå Lompelandslaget og utallige revy og teateroppsetjingar, tv-seriar og filmar.

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: