Margot - "Alt i boks"

Margot - alt i boks. Pressebilde.
Margot - alt i boks. Pressebilde.
Laurdag, 3 september, 2016 klokka 19:30

Ina Breivik var nyleg nominert til komiprisen for framsyninga "Alt i boks". No kjem ho til Stranda for å få opp gapskratten under Strandadagane 2016.

Øyvind Angeltveit , som  prest, kjem med velmeinte råd om kva som bør vere på plass ved livets slutt og Margot oppdagar at ho har 1000 ting å gjere før ho døyr. Er det lov å ønskje seg pinata i sin eigen begravelse? Får ho nokon gong prøvd seg i slalombakken? Skal ho fortelje kva gutta i Kompani Inge eigentleg dreiv med under krigen? Kven fortente eigentleg tittelen "Miss Romsdal 1939"? Og sist men ikkje minst: skal ho ta familieløyndomen med seg i grava? Her er det berre ein ting å gjere: snakke som ein foss.

Dette er Ina Breivik si tredje framsyning om den rappkjefta, 86 år gamle Margot.

Dei to tidlegare framsyningane har hausta strålande kritikkar og tre komiprisnominasjonar. Med seg denne gongen har ho Øyvind Angeltveit, kjend frå Lompelandslaget og tallause revy- og teateroppsetjingar, tv-seriar og filmar.

 

Regi: Karina Aase

Teksforfatter: Kjetil Kooyman

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: