Margot får besøk

Margot får besøk. Pressebilete.
Margot får besøk. Pressebilete.
Laurdag, 30 november, 2013 klokka 19:00

Ina Breiviks humorforestilling "Margot får besøk" har teke både publikum og presse med storm.

Forestillinga slo alle besøksrekordar i Ålesund sist haust, og etter ein knallsesong i Bergen er forestillinga no klar for turne. 

Sunnmørsposten, Bergens Tidende og BA trilla alle terningen til fem etter premiera. Breivik er også nominert til komiprisen for beste kvinnelege komikar for rolla som Margot.

"Margot får besøk" er ein svart komedie. Margot er ein karakter dei fleste av oss kjenner. Enten kjenner vi ei Margot sjølv, eller så kjenner vi ein som kjenner ei Margot. Handlinga er lagt til Margot si stove. Ein stad der tida har stått stille, samtidig som den har samla eit langt liv. 

Med seg på scena har Ina denne gongen Ørjan Liavåg, kjend for dei fleste som Leif Per fra forestillingane til Hildegunn Moltubakk. Liavåg får denne gongen brukt erfaringa si med å spele mot middelaldrande damer fra Sunnmøre som har snakketøyet i orden. 

Liavåg spelar eit heilt persongalleri som på ein eller annan måte har ærend hos Margot. Dette er haustens store komedie som du helst ikkje bør gå glipp av!

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: