Margot får besøk

Margot får besøk. Pressebilde.
Margot får besøk. Pressebilde.
Laurdag, 4 oktober, 2014 klokka 19:00

Ina Breiviks humorframsyning "Margot får besøk" har tatt publikum med storm. Margot er ein karakter dei fleste av oss kjenner. Enten kjenner vi ei Margot sjølv, eller så kjenner vi ein som kjenner ei Margot. 

Handlinga er lagt til Margot si stue. Ein plass der tida har stått stille, samtidig som den har samla eit langt liv. Med seg på scena har Ina denne gongen Ørjan Liavåg, kjend for dei fleste som Leif Per frå framsyningane til Hildegunn Moltubakk. Liavåg får denne gongen brukt erfaringa si med å spele mot middelaldrande damer frå Sunnmøre som har snakketøyet i orden. Liavåg spelar eit heilt persongalleri som på ein eller annan måte har ærend hos Margot. Dette er haustens store komedie som du helst ikkje bør gå glipp av!

 

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: