Maria Haukaas Mittet: Jåla fra Lakselvnes

Maria Haukaas Mittet. Pressebilete. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Maria Haukaas Mittet. Pressebilete. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Torsdag, 27 september, 2018 klokka 19:30

Jåla fra Lakselvnes - Ei konsertframsyning med Maria Haukaas Mittet.

MARIA HAUKAAS MITTET kjem for første gong til Ørsta med si eiga konsertframsyning: Jåla Fra Lakselvnes, som hadde premiere i Lofoten Kulturhus i Svolvær i 2017, før den med mykje jubel og ros i bagasjen reiste vidare til fulle hus i Sortland, Harstad, Sandnessjøen og Bodø.

Dette seier publikum og presse om framsyninga: - «Det er nært, det er naturromantisk, det er uredd sentimentalt» / LOFOTPOSTEN - «et fint og nært møte, her er kvalitet hele veien» /LOFOTPOSTEN - «Takk for en vakker, varm og personlig forestilling. Gåsehud langt nedover ryggen og stående applaus» / KULTURFABRIKKEN SORTLAND

I konsertframsyninga «JÅLA FRA LAKSELVNES» fortel Maria om opplevingar frå oppvekst, karriere og artistliv som bindast saman av 12 nord-norske viser, desse rører publikum sterkt. Publikum både ler og gret om kvarandre, og jublar til ståande applaus. Framsyninga har med viser henta frå Marias si viseplate «Heim», men også «Gjennom sorga går ei sang» (Halvdan Sivertsen), og musikk frå Trygve Hoff og Lars Bremnes.

Manus og regi ved Marit Adeleide Andreasen (skodespelar og regissør), og to av landet beste musikarar fyller scena med Maria: Bernt Rune Stray: gitar Kjetil Bjerkestrand: flygel og keys.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: