Marion Ravn

Marion Ravn. Pressefoto. Kjelde: Fosnavåg Konserthus.
Marion Ravn. Pressefoto. Kjelde: Fosnavåg Konserthus.
Fredag, 13 februar, 2015 klokka 19:30

Marion Ravn kjem til Fosnavåg med "Scandal Tour 2015". Oppvarming: Marie Klåpbakken. Det blir ståande konsert framme, men med høve til å kjøpe faste seter på øvre amfi.

Den 2. februar slepp Marion Ravn del to av dobbeltalbumet «Scandal». På Idol-finalen framførte ho den storslåtte poplåta «Better Than This». Gjennom hausten sine finalesendingar har det vore signaturlåten og vore spelt kvar episode når den utslåtte deltakaren sitt høgdepunkt rullar over skjermen. «Better Than This er første låt ut fra «Scandal Vol II» og vart slept 12. desember. 

 

Sidan «Songs from A Blackbird» kom ut i 2013 har Marion etablert seg som ein solid live-artist her heime i Noreg. Laurdag 7. februar kickstartar ho «Scandal Tour 2015» i sine barndomstrakter på Lillestrøm, før ho fer ut i landet, mellom anna til Fosnavåg konserthus. 

Med seg på vegen har ho ein flott gjeng musikarar: 

 

Even Ormestad (bassist og musikalsk leder), Jan Ole Kristensen (gitarer/kor), Eirik Tovsrud Knutsen (piano/kor), Haakon-Marius Pettersen (keys/kor) og Tobias Ørnes Andersen (trommer). 

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: