Marit Larsen

Marit Larsen. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Marit Larsen. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Onsdag, 7 september, 2016 klokka 20:00

Marit Larsen vekkjer den håplause romantikaren i oss alle. Men landets kanskje aller beste låtsnekrar dei siste ti åra, veit ho også å gi publikum ein skikkeleg popfest.

Marit Larsen tok popverda med storm allereide på slutten av 1990-talet som den eine halvparten i duoen M2M. Debutsingelen ”Don´t Say Love Me” vart raskt ein global megahit, og til saman solgte dei over 12 millionar singlar og album på verdsbasis. 

I dei seinare åra har ho gjort stor suksess som soloartist, og har markert seg som ein av Noregs aller beste komponistar og låtskrivarar. Under eige namn har ho gitt ut fire album. Det siste av dei, det høgt rosa When The Morning Comes, vart gitt ut i 2014, og er det første albumet ho også har produsert sjølv. 

Vinteren 2016 har gått med til skriving, produksjon og ferdigstilling av heilt nytt materiale, som vil ta publikum enno litt nærare Marit. Vi skal bli med henne bort til det hjørnet i baren der Joni Mitchell og Gillian Welch sit. Fleire strengar, meir sjel. Svinge ut på eit sidespor forbi den reindyrka popmusikken og bort til folken. Ein veg ein heile tida har visst at Marit ville bevege seg inn på, utan å heilt vite når. Men i 2016 skjer det. 

Dette året markerar også eit anna skifte. Marit har ikkje lenger eit stort plateselskap i ryggen, ho har oppretta eigen label - og er for første gong i sin karriere heilt uavhengig. Dette året representerer altså ein ny epoke for Marit som artist, men også for Marit sine lyttarar over heile verda. 

Nytt materiale kom i april, og saman med bandet, som no består av Mari Kreken, Tor-Egil Kreken og Christer Slaaen, reiser ho snart på tur igjen. Då blir det endeleg muleg å stifte nærare kjennskap med det nye, sjelfulle låtuniverset – eit univers der også velkjende pop-perler får ny drakt. Kvartetten gir den innholdsrike låtkatalogen ei meir akustisk innpakning – personleg og nært, meir folk og enno meir Marit.

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: