Men DA må du ha 2

Tysdag, 10 september, 2013 klokka 20:00

Øystein Sunde skal ut på tur igjen med ein fornya og oppdatert versjon av suksessen "Men DA må du ha" – ein tittel heilt i tråd med Øystein sitt skarpe skråblikk på alle dagliglivets tildragelsar.

200 framsyningar på Dizzie Showteater og turné, etterfulgt av Gitarkameratene på Dizzie i 2012, har han skrevet nokre nye songar og oppdatert anna materiale (som om det skulle være nødvendig!). Men sånn er'e bare, Sundes penn kviler aldri. I år er det altså 43 år sidan Øystein Sunde toppa listene med slageren Jaktprat frå den første plata 1001 Fnatt frå 1970. Sunde tilhøyrer europaeliten når det gjeld gitarspel og har sidan den gong holdt seg på topp takka vere ei utruleg evne til alltid å presentere nye, morsomme og tidsaktuelle viser. Han har til og med fått utvikla sin eigen signaturgitar hos The Martin Guitar Co. Øystein Sunde si suksessframsyning ”Men DA må du ha” er den femte i serien av hans solo-show og etterfølgjer publikumssuksessane Kjekt å ha, Så hatten passer, Øystein Sunde ...og vel så det og Sånn e’re bare. Øystein Sunde har alltid med seg utsøkte musikarar og bandet hans, Meget i Sløyd, er noko av det aller beste som er å oppdrive av bluegrass-musikarar på denne sida av Atlantaren.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: