MIDDELALDERMUSEET I NY DRAKT

Søndag, 31 januar, 2016 klokka 13:00

Søndag 31. januar kl. 13.00 ønskjer Sunnmøre Museumslag velkommen til årets første foredrag. Tema for dagen er «Middelaldermuseet i ny drakt» med konservator og prosjektleiar Jarle Sulebust.

Sulebust er prosjektleiar for ny-opning av Middelaldermuseet – der mellom anna ein ny utstilling skal sjå dagens lys. Prosessen har vore mangfaldig, lærerik og spennande – og med tanke på den fantastiske historia som er knytt til Borgundkaupangen, gler vi oss til å eit Middelaldermuseum i ny drakt. Opning av Middelaldermuseet er satt til laurdag 4. juni – i samband med årets middelalderfestival.

Stad
Sunnmøre Museum
Kommune: