Min song og hjarteskatt - Beate Slettevoll Lech

Pressefoto. Fotograf: Anders Nilsen
Laurdag, 27 oktober, 2012 klokka 21:00

Jazzgruppa Beady Belle sin frontfigur Beate Slettevoll Lech har arva ein lidenskap for salmar og religiøse folketonar. Beate har gått til tre kvinnelege lyrikarar; Marit Kaldhol, Hilde Myklebust og Bente Bratlund, og fått skrive nye tekstar på nynorsk til gamle melodiar som hun elska. Ein av tekstane skreiv ho sjølv. I tillegg nytta hun dikt av den avdøde mormora si, Borghild Slettevoll. azzgruppa Beady Belle sin frontfigur Beate Slettevoll Lech har arva ein lidenskap for salmar og religiøse folketonar. Beate har gått til tre kvinnelege lyrikarar; Marit Kaldhol, Hilde Myklebust og Bente Bratlund, og fått skrive nye tekstar på nynorsk til gamle melodiar som hun elska. Ein av tekstane skreiv ho sjølv. I tillegg nytta hun dikt av den avdøde mormora si, Borghild Slettevoll.

Resultatet av Beate S. Lech sitt samarbeid med desse kvinnene vart den Spellemannsprisnominerte plata ”Min song og hjarteskatt”.

Beate S. Lech har også eit spesielt nært forhold til den legendariske plata ”Jazz på Svenska” som pianisten Jan Johansson og bassisten Georg Riedel spelte inn i 1964. Ho har tatt med seg noko av den same estetikken inn i salmeprosjektet.

Beate har med seg Jørn Øien (piano), David Wallumrød (Hammond B3, Prophet og Clavinet), Marius Reksjø (kontrabass), samt Per Oddvar Johansen (trommer).

Billettpris kr 260,-

Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (mån-fre 08-16, tlf 70 01 75 00) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvar framsyning/arrangement). NB! Husk å printe billetten før konserten, då det ikkje er billettprinter i Ulstein kyrkje.

Stad
Ulstein Kyrkje
6065
Ulsteinvik
Kommune: