Mio min Mio (Teatret Vårt)

Mio min Mio. Pressefoto. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Mio min Mio. Pressefoto. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Torsdag, 4 oktober, 2018 klokka 18:00

Historia om Mio og kampen om det gode har gleda barn i fleire generasjonar. Opplev Astrid Lindgren sitt magiske univers i denne eventyrlege teaterframsyninga.

Bo Vilhelm Olsson er foreldrelaus og bur heime hos tante Edla og Onkel Sixten. I dag har han lova å poste eit brev for fru Lundin. For det har han fått eit eple. Men når han skal poste brevet, klarar han ikkje å la vare å lese det.

Brevet er til Kongen i Landet i det fjerne. Der står det at guten som kongen har leitt etter, er på veg. Og i handa har guten eit teikn; eit skinande gulleple. Bosse ser på eplet sitt, og oppdagar forbausa at det faktisk er av gull. Og med eitt skjønar han – det er han kongen leitar etter. Medan han sit der på benken finn han ei ånd i ei flaske. Ånda er frå Landet i det fjerne.  Han slepp ut ånda av flaska, og kan ynskje seg kva han vil. Ta meg med til Kongen i Landet i det fjerne, ynskjer han. Og reisa kan byrje.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, ope mån-fre 08-21 og laur-søn 11-18, telefon 901 85 764 og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris 
Vaksen kr 160,-
Born kr 160,-
Gruppe (min. 4 pers) kr 120,-

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: