MixMasters & the Voices - Julesongar "from over there..."

MixMasters & the Voices - Julesongar "from over there...". Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
MixMasters & the Voices - Julesongar "from over there...". Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Søndag, 4 desember, 2016 klokka 20:00

MixMasters kjem tilbake til Fosnavåg! No også med "the Voices". God gamal julestemning i Glen Miller drakt, frå "over there"

Planen i år var å arrangere ein stilig nyttårsfest saman med Thon hotell og MixMasters, men fordi hotellet kjem til å stenge alle sine overnattingsrom pga at alle bad skal renoverast (garantisak) så ventar vi med den nyttårsfesten til neste år. Då vil heile hotellet vere i full drift heile jul- og nyttår. 

Vi får likevel oppleve dette fantastiske bandet gjere sitt stemningsfulle juleprogram denne søndagen. Under leiing av legendariske Ketil Rasmussen. Songarane i "the Voices" er Yngvil Birkeland, Katharina Teige, Ingeborg Rørvik Lejon, Jon Endre Ørstavik og Eirik Beck.

MixMasters vart starta tidleg på 80-talet og spelar i hovudsak swing frå 30-talet. 

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: