Morning has occured m/Ålesund strykekvartett

Ålesund strykekvartett. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Ålesund strykekvartett. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Torsdag, 3 september, 2015 klokka 19:30

Morning has occured" og "Ålesund strykekvartett" i spanande samarbeid. Småbord-konsert

Morning Has Occurred jobbar i dette prosjektet med grensene mellom jazz/improvisasjon og arrangert musikk - med ein kvartett som hovudsakleg fokuserer på klassisk musikk. Dei håpar at dette kan vere med på å åpne grensene mellom jazz, klassisk og improvisasjon, og skape nye uttrykk.
MORNING HAS OCCURRED
Morning Has Occurred har hausta god kritikk for sine konsertar på fleire norske jazzfestivaler og på Norges scener. Dei blei også plukka ut, som eit av åtte band, til å vere med i konkurransen Jazzintro 2014. I tillegg har de spelt på m.a. Midtsommejazz, Nattjazz, Maijazz, Anjazz, og Balejazz.
Bandet beveger seg mellom jazzens spontanitet og kompleksitet og popens enkelheit, via fri-improvisasjon og soul. Fem musikarar snor seg inn og ut av faste og lause låtstrukturar basert på improvisasjon og vakre melodiar. Materialet er hovudsakleg komponert av vokalist Sandtorv, og pianist Eberson, og detaljane blir kollektivt utarbeidd på øvingsromet av heile bandet. Bandet tilhøyrer ein ny generasjon unge norske jazzmusikarar, som baserer uttrykket sitt på nyare norsk jazz, stor åpenheit og progga låtstrukturar.
ÅLESUND STRYKEKVARTETT
Ålesund strykekvartett blei oppretta av Ålesund kommune i 1985, og er ein profesjonell strykekvartett med musikarar faste stillingar. Tidlegare har dei samarbeidd med andre jazzmusikarar som Jon Eberson, og Hilde Marie Kjersem. Forutan utøvande oppgåver i ensemblet er alle musikarar i kvartetten med i Ålesund Symfoniorkester og underviser både i kulturskulen og ved Fagerlia videregående skole.
BESETNING
Natalie Sandtorv, vokal
Marte Eberson, piano
Bjørnar Kaldefoss Tveite, kontrabass
Ole Mofjell, trommer
Mats Mæland Jensen, trommer
Ai-Ling Chiu, fiolin
Ove Kvangarsnes, fiolin
Linda Bønes, bratsj
Samuel Skrede, cello
Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: