Morten Abel

Morten Abel. Pressebilete. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Morten Abel. Pressebilete. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Laurdag, 6 oktober, 2018 klokka 20:30

Med splitter nye låtar og ei rekke udødelege hits, legg Morten Abel ut på turne igjen i 2018, og ein av plassane han vitjar er Sjøborg kulturhus!

Som alltid kan blir det allsong og fest når Abel tar med seg bandet og sitt fantastiske låtunivers på vegen.

Få artistar her til lands har ein like suksessrik og mangfaldig karriere som Morten Abel, og med hits som "Be My Lover", “Lydia”, “Tulipz”, “Hard To Stay Awake”, “Doberman” og “Frøken Vilikke” treng han knapt nokon nærare introduksjon.

Abel har vore i rampelyset i snart en mannsalder, og er ein av få ekte popstjerner vi har her til lands. Både salstal, prisane og konsertane på merittlista hans forsvarar denne statusen, og mannen er for lengst ei levende legende i norsk musikkbransje.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: