Mosaic og Bengt Johansson

Koret Mosaic. Pressebilete.
Koret Mosaic. Pressebilete.
Laurdag, 6 desember, 2014 klokka 18:00

 

I perioden 4.–18. desember kan ein oppleve koret Mosaic og Bengt Johansson på juleturné på utvalgte stadar i Noreg og Sverige. På reiseruta står blant anna Oslo, Førde, Rena, Ulsteinvik og Gøteborg.

Mosaic vart starta våren 1994 og har i løpet av si karriere gitt ut seks plater, blant disse er to reine juleplater (Mitt hjerte alltid vanker, 2005 og Vår sjeleskatt, 2010). Dei siste årea har koret gjort seg spesielt bemerka både i utland og innland med sitt julerepertoar som har blitt svært godt mottatt blant presse og publikum.

Bengt Johansson frå nabolandet vårt har vore aktiv musikar sidan 70-talet og har gjennom tida blitt ein viktig del av svensk musikkhistorie. Med fleire av låtane sine har han vore på «svensktoppen» og vi kjenner kanskje til hans største låt «Bara i dig» som er ein del av den svenske salmeboka. Johansson har i år også sluppe ut ei ny juleplate (När natten blev ljus) med Mosaic som bidragsytar. Plata består av både klassiske julelåtar samt Bengt sine eigenkomponerte julelåtar.

Gospelkoret er Ulstein K/M sitt vaksenkor som leverer korsang av høg kvalitet.

Mosaic og Bengt skal reise på turné for å spreie juleglede og julebodskapen rundt om i våre to heimland. Dei ser fram til å presentere julekonserten sin for publikum og skape julestemning.

”Julevitaminer i særklasse (…) Jorden har aldri vært deiligere enn når koret Mosaic synger «Deilig er jorden»”. Terningkast 6/6 – Vårt Land

”Finstämd, välljudande och vackert och smakfullt producerad och presenterad”. – David Media

Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris

Voksne kr 200,-
Ungdom (12-19 år) kr 100,-
Born under 12 år gratis. 

 

Arrangør: Ulstein sokn og Vivo Ulsteinvik

Stad
Ulstein kyrkje
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: