Moteframsyning på Sjøborg

Onsdag, 27 april, 2016 klokka 19:00

Arr. Ulsteinvik Sanitetsforening

Etter suksessen Ulsteinvik Sanitetsforeining hadde med moteframsyning fjor, går dei på igjen med nytt arrangement. Dette gjer dei i godt samarbeid med velviljuge butikkdrivarar.

Vårmotane skal visast fram med flotte lokale modellar, denne gongen både for damer og herrar. Antrekka vil variere frå kvardags- og fritidskle til «festantrekk».

Det vil verte ei kort pause der det vert servert kaffi og kake, og i god sanitetsånd vert det sjølvsagt loddsal. Her kan ein vinne gåvekort frå butikkane og flotte blomsterbukettar frå Løvens hule.

Butikkar som deltek er Bizarre, Elle boutique, Overvåg, Floyd, SkinTonic, Cubus, Løvens Hule og AnChri.

Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 150,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: