MOVE - Oslo Danse Ensemble 2013

Pressefoto: Move - Oslo Danse Ensemble.
Torsdag, 18 april, 2013 klokka 20:00

Dansarar i kjole og kvitt og glitrande aftenkjoler som svingar seg til fengande rytmer er noko av det du får oppleve når Oslo Danse Ensemble kjem til Ørsta kulturhus. Du så dei kanskje på Skal vi danse på TV2?

Oslo Danse Ensemble er landets leiande kompani innan jazzdans. Dei dansar så det gnistrar. Show, funk, jazz, klassisk ballett, moderne og intenst. I tett driv drillar dei publikum og riv oss med i dansegleden. – Publikum skal berre nyte bevegelsane, og dansarane er stjernene, seier grunnleggar av Oslo Danse Ensemble og tidlegare dommar i Dansefeber, Merete Lingjærde.

MOVE er ein heilaftens energibombe som er sett saman av tre ulike koreografiar. Toni Ferraz lagar ein hyllest til tida då filmstjernene Fred Astaire og Gene Kelly svingte seg på parketten til fengande storbandrytmer. No er det dei ti unge dansarane i Oslo Danse Ensemble som får glitre i rampelyset. Jo Strømgren, Noregs største kulturelle eksportartikkel, går tett og meir utfordrande på i sin KVART og viser kva for engasjerande dansedramatikar han er. Alle som så Bloom på turné kan glede seg til eit gjensyn med Subjazz, koreografduoen som tek jazzdansen vidare i eit techno- og funkprega danseuttrykk.

Gi ei oppleving i julegåve! 50 kr i rabatt på denne framsyninga fram til julaften!

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: