Musikalen 2013: Kingdom of Desire

Onsdag, 13 februar, 2013 klokka 19:30
Torsdag, 14 februar, 2013 klokka 18:00
Torsdag, 14 februar, 2013 klokka 21:00
Fredag, 15 februar, 2013 klokka 18:00

Musikk, dans og drama & Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule presenterer KINGDOM OF DESIRE - ein fengslande og kjensleladd musikal basert på musikk av den verdskjente gruppa TOTO.

Handlinga i årets musikal
I år tek handlinga til i Sør-Afrika. Året er 1989. I fleire år har gruvene til Hydra-konsernet forsynt firmaet med store diamantfunn. Georgy Six, ein av sjefane i konsernet, er rimeleg godt fornøgd med resultatet, men når konsernet får ein del problem med statlege avgifter forstår han at han må ut i verda og studere økonomi og administrasjon. Han reiser difor til «the big apple», New York. Her møter han Roseanna, som også studerer. Georgy forelskar seg raskt, men noko gneg i han. Eit gnag som set kjenslene hans mellom lidenskap og karriere på prøve.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: