Musikalsk Oase

Musikalsk Oase. Foto: Ørsta Kulturhus.
Musikalsk Oase. Foto: Ørsta Kulturhus.
Laurdag, 5 mars, 2016 klokka 21:00

Laurdag 5.mars kan publikum oppleve ein forfriskande «Musikalsk oase» på sjølvaste kulturhuset i Ørsta, i år kanskje med heile fem band i aksjon.

Sunnmøre Baarelag, Listen To The Band, Grogg og The BlueBrackets (kanskje endå eit band) vil nok også i år gjere dette til eit unikt evenement i det sunnmørske kulturlivet.
Musikalsk Oase har tidlegare vore arrangert med stor suksess og fulle hus, og er no tilbake. I år skjer det på Ørsta kulturhus for andre gong
– Det vert garantert klubbstemning, god danseplass og servering av alle slag, opplyser arrangørane.

Christian Gaard vil i år som i fjor stå for bevertninga.
Førehandssal i kiosken på Ørsta kulturhus og på www.orsta.kulturhus.no.
Møt opp tidleg for her blir det nok fullt, og dessutan startar første bandet presis kl. 22.
Arrangørane ynskjer alle hjarteleg velkomne.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: