Musikalsk salat med Frid & Gle

Frid & Glede. Pressebilete. Kjelde: Sjøborg Kulturhus.
Frid & Glede. Pressebilete. Kjelde: Sjøborg Kulturhus.
Fredag, 13 juni, 2014 klokka 19:00

Duoen Frid & Glede med Einfrid Grindheim og Ingfrid Grimstad har 7-årsjubileum i år og okkuperer sjølvaste Sjøborg under Smak av Ulstein 13. juni kl 19. I fjor serverte dei musikalsk lapskaus på den Gamle nabo, men i år fylgjer 5:2-duetten siste trend og serverer musikalsk salat.

Dei håpar at du får ny energi, for i salaten finn du helsebringande tekstar og melodiar som er gode for hjartet, blanda med nokre friske ingrediensar som kanskje får endorfinane til å bruse. På scena blir der besøk av fleire kokkar, men det vert neppe meir søl av den grunn. Duoen håpar konserten vert ei vitamininnsprøyting og at salaten fell i smak.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 200,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: