Naturfestivalen

Laurdag, 28 juli, 2012

Opning i Vikegata frå ca. 11:30

Sport1 sprinten for barn

Påmelding ved ØIL sitt klubbhus frå kl 11.00. Start 11.40. Sentrumsløype 2 km, mål i Vikegata. Aldersgrense: 4 - 10 år. Ingen 3-hjulssyklar. Medalje til alle deltakarane. Påmelding kr 50,-
Arr. Ørsta Sykkelklubb v/ Erlend Andresen

Opning Naturfestivalen 2012 Offisiell opning av festivalveka kl 12.00

Sommarkonsert med Norges Musikkorps Forbund

Oppvisning i akrobatikk v/ deltakarane på Naturfestivalen sitt akrobatikkurs Vikegata frå ca kl 12.45

Trandalshatten

Vi tek ferje til Trandal. Dei fleste går utan klatreutstyr, men vi tek med hjelm og tau. Grunnen til hjelm er at det er litt laus stein mot toppen. Tau har vi med for å kunne gjere turen med senka skuldrar. Vi bør også ta oss tid til middag på Christian Gaard etterpå! Maks 6 deltakarar. Pris per deltakar ved 6 deltakarar 950,-. Bindande påmelding, depositum ved påmelding, avbestilling 7 dagar før, full pris. Påmelding og info til post@norgesguidene.no eller tlf 92054057. Ynskjer du kontakt direkte med føraren kan du sende ei melding til sverre@norgesguidene.no eller 99035444. Arr: Norgesguidene.

Tur til den julianske borg

Den julianske borg er ein låg, steinsett labyrint ved Grøthornet på Daleheida, 900 meter over havet . Folk har rekna slike stader som heilage og utført religiøse ritual der. Den julianske borg er truleg ein gammal kultstad. Ta av frå E39 på Vartdal, køyr ca 5 km gjennom Årsetdalen til Myklebust og informasjonstavla om den julianske borg. Oppmøte kl 15.00 Vegvisar er Roar Sætre. Oppstigninga er temmeleg bratt. Ta med godt skotøy og kle dykk etter vêret. Pris: kr 50,- per person. Born under 16 år gratis. Ikkje påmelding.

Stad
Naturfestivalen
6150
ØRSTA
Kommune: