Naturfestivalen

Søndag, 29 juli, 2012

Balansekunst ved Eskil Rønningsbakken på Bladet i Molladalen, Besøk på Ulstein Expo, Ulsteindalen: lett familietur til Lisjevatnet, Føringstur til Kolåstinden, Tur med MS Hindholmen frå Vartdal til Sæbø og Olsokfeiring på Bjørke.

Balansekunst ved Eskil Rønningsbakken på Bladet i Molladalen.

Køyr innover Erdalen frå Barstadvik på Barstadsida fram til parkeringsplass. Her møter turleiaren dykk, og det vert oppstart på felles vandring 09:00. Dette er til dels ei tung rute, og det er viktig å ha gode fjellsko og nok tøy. Eskil Rønningsbakken vil ha eit spektakulært stunt på toppen av Bladet kl 13.00. Pris for turen er kr 150,- per person. Ikkje påmelding. Arr: Global balancing og Naturfestivalen

Spennande ettermiddag i Ulstein:

Besøk på Ulstein Expo

Eit spennande besøk for alle som er interesserte i teknologi og skipsnæring. Oppmøte i resepsjonen på Ulstein Verft AS. Ope frå kl 13.00 til 16.00. Gratis inngang. Ikkje påmelding.

Ulsteindalen: lett familietur til Lisjevatnet

Parkering ved kraftstasjonen i Ulsteindalen. Turstart kl 16.30. Det tek litt under ein time fram til Lisjevatnet. Gratis tur. Ikkje påmelding.

Føringstur til Kolåstinden

Ein lang fjell- og bretur. Frå Standaleidet går vi inn i Kvanndalen og til Stretet. Etter kvart tek vi på breutstyr og går opp breen til topps. Ned kjem vi til å fylgje mykje same ruta. Det er viktig å ha gått litt på tur før, at skoa er impregnerte, gamasjane gode og knea tåler ein lang tur med breutstyr i sekken. Maks 6 deltakarar. Pris per deltakar ved 6 deltakarar: 950,-. Bindande påmelding, depositum ved påmelding, avbestilling 7 dagar før, full pris. Påmelding og info til post@norgesguidene.no eller tlf 92054057. Arr: Norgesguidene. Ynskjer du kontakt direkte med føraren kan du sende ei melding til sverre@norgesguidene.no eller 99035444

Tur med MS Hindholmen frå Vartdal til Sæbø

Vi kastar loss med MS Hindholmen frå gamle dampskipskaia på Vartdal kl 11.00. Museum og sitjeplassar i lasterommet. Sal av rømegraut på Sagafjord hotell, der vi reknar med å vere framme ca kl 14.30. Avgang frå Sæbø kl 16.00 og ank. Vartdal kl 19.30. Det vert sjølvsagt historieforteljing og guiding undervegs! Pris for båtturen vert kr 400,- tur/retur. Born 8-14 år kr 100,-. Pris for rømegraut, spekemør, flatbrød og saft kr 200,- per person. Påmelding seinast 27. juli på tlf. 70068518 eller e-post: info@orstainfo.no. Arr: stiftinga MS Hindholmen.

Olsokfeiring på Bjørke

Oppmøte i Bjørkevika kl 12.00. Kaffi og kaker på handverkskafeen.

Einar Saure fortel og viser rundt i Bjørkevika. Det vert deretter guida tur gjennom kulturminneløypa. Kr 50,- per person for guiding. Sal av rømegraut frå kl 15.00 på Haukely. Olsokbål og underhaldning.

Båt frå Sæbø kl 11.30 og retur frå Bjørke kl 16.30 kr 300,- tur retur per person. Max 37 personar på båten. For å vere sikra plass på båten kan ein på førehand melde seg på til. 70068518 eller e-post: info@orstainfo.no. Arr: Sjåstaddalen frilynde ungdomslag.

Stad
Naturfestivalen
6150
ØRSTA
Kommune: