Naturfestivalen

Tysdag, 31 juli, 2012

Klatrekurs Introduksjon, Den store overgangsturen og Sykkeltur rundt Dalsfjorden.

Klatrekurs Introduksjon

Ein dag der du får sett litt på klatring og om det kan vere noko for deg. Dette er ein dag for deg som aldri har klatra før, men ynskjer å kjenne til kva det er for noko. Kvar vi skal halde til vil vær og føre bestemme! Pris per deltakar 500,-. Kameratredning kurs klatring. Bindande påmelding, depositum ved påmelding, avbestilling 7 dagar før, full pris. Påmelding og info til post@norgesguidene.no eller tlf 92054057. Arr: Norgesguidene.

Den store overgangsturen

Båttur på Hjørundfjorden til Finnes, deretter fottur til Bakkedalssetra og Rognestøylen.

Kl 09:15: Buss frå Ørsta kr 60,- Kl 10:00 MS Hjørundfjord frå Sæbø (max 36 pers) kr 200,-

Kl 13:00: Underhaldning av Magnus Skjerdal m. fl. og sal av rømegraut og kaffi på Bakkedalssetra

Kl 18:00: Buss frå Sledalen kr 60,- Påmelding info@orstainfo.no eller tlf. 70 06 85 18 seinast 29. august.

Arrangørar: Jonny Finnes og Sjåstaddalen frilynde ungdomslag.

Sykkeltur rundt Dalsfjorden
Oppmøte Ørsta Rådhus kl 16:45 eller kl.17:10 på Volda Ferjekai. Ferje til Lauvstad 17:20. Turen rundt fjorden er på om lag 40 km. Det er stort sett flat løype, i flott natur med lite trafikk. Ved godt oppmøte deler vi inn i grupper, tilpassa ulik fart. Ferje frå Folkestad tilbake til Volda. Gratis, men hugs ferjepengar. Ikkje påmelding. Arr: Ørsta Sykkelklubb v/ Erlend Andresen

Stad
Naturfestivalen
6150
ØRSTA
Kommune: