Naturfestivalen

Onsdag, 1 august, 2012

Spesialtur med Norgesguidene, Familietur rundt Hovdevatnet med trimgruppa i ØIL og Overgangstur frå Grøndalen til Sunndalen.

Spesialtur med Norgesguidene

Denne dagen vil vi gå andre turar folk ynskjer. Kanskje noko av det som har vore på programmet tidlegare eller noko du drøymer om? Ta kontakt, så lagar vi til eit spesialopplegg. Kanskje andre drøymer om same turen? Nokre turforslag: Klatreturar i Molladalen, Trandalstinden, Klatretur på Kolåstind, Brekketindane, Smørskredtindane, Sætretindane eller noko anna. Pris, alt etter kor mange som kan bli med på turen. Ta kontakt på post@norgesguidene.no tlf 92054057 eller tlf 99035444. Arr: Norgesguidene.

Familietur rundt Hovdevatnet med trimgruppa i ØIL

Lett familetur. For turmål sjå: naturfestivalen.no. Felleskøyring frå Prix på Ose kl 18.00. Arr: Trimgruppa i ØIL. Gratis. Ikkje påmelding.

Overgangstur frå Grøndalen til Sunndalen

Oppmøte ved gamleskulen på Fyrde for felleskøyring til Grøndalen. Vi går over Bygdeskaret ned til Sunndalssetra og ein flott tur gjennom Sunndalen. Roleg tur på 3-4 timar. Kr 30,- per person. Ikkje påmelding. Arr: Naturfestivalen

Stad
Naturfestivalen
6150
ØRSTA
Kommune: