Naturfestivalen

Torsdag, 2 august, 2012

Liadalsnipa, Den Store Rundturen 2012, Besøk på Avlen, Kleven Verft AS sitt museum, Familietur til Uglesætra og Høgåsen og Kulturvandring og fjøretur til Dimnaneset.

Liadalsnipa

Ein klassikar! Dei som ikkje har vore her lurer nok litt på kvar råsa eigentleg går! Det ser verre ut en det er, men likevel er det kjekt å ha med tau. Det er ulike vegar til dette fjellet så vær og føre bestemme korleis vi går. Maks 2 deltakarar. Pris per pers ved 2 deltakarar: 1800,-. Bindande påmelding, depositum ved påmelding, avbestilling 7 dagar før, full pris. Påmelding og info til post@norgesguidene.no eller tlf 92054057. Arr: Norgesguidene. Ynskjer du kontakt direkte med føraren kan du sende ei melding til sverre@norgesguidene.no eller 99035444

Den Store Rundturen 2012

Bjørke Sellereite Kårdals reset Høgehornet Tussenuten Bjørke

Oppmøte ved symjebassenget kl. 09.00, avgang med lokal skyss til Leira/Sellereite kl.09.15. Tur frå Sellereite, opp i Kårdalen, inn langs Kårdalvatnet 905 moh og opp på Reset (lokalt namn). Herifrå til Høgehornet 1319 moh det høgaste punkt på turen. Her er fantastisk utsikt ut Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane. Frå Høgehornet går vi langs fjellryggen over Tussenuten fram på kanten og ned trallebaneråsa til Åsen. Vidare på traktorveg og bygdeveg til den verdskjende telefonkiosken på Bjørke. På Bjørke Fjordtell vert det servert middag. Her er høve til overnatting. Turen er krevjande, om lag 14 km lang og tek mellom 6 -8 timar. Ein må ha fjellsko med gode solar, dagstursekk med ekstra skift, hue, vottar, gode ytterklede, niste og drikke. Vi samarbeider i år med Bjørke Adventures, eit nyskipa føretak på Bjørke. Turleiarar er Hildegunn Mork tlf. 916 88 381og Jarle Myklebust tlf. 916 48 260. Fjelltur med middag og overnatting m/frukost kr. 995.- pr. pers. Fjelltur med middag kr. 495.-. Fjelltur kr. 300-. Betaling for fjelltur og middag direkte til turleiarane før avgang. Betaling for overnatting direkte til Bjørke Fjordtell.

Bli med på Dimna-dag!

Besøk på Avlen, Kleven Verft AS sitt museum

Museet opnar dørene for Naturfestivalen kl 13.30 Gratis. Ikkje påmelding

Familietur til Uglesætra og Høgåsen

Oppmøte på Dimna Grendehus kl 15.00. Familietur med grillkos, ta med grillmat! Dei som vil kan bli med vidare til Høgåsen som er høgaste fjellet på Dimna (190 m.o.h.). Gratis tur. Ikkje påmelding. Arr:

Trimgruppa Dimna idrettslag

Kulturvandring og fjøretur til Dimnaneset.

Oppmøte på Dimna Grendehus kl 17.30. Lokal guide fortel bygdehistorie og vi utforskar dyrelivet i fjøra. Gratis tur. Ikkje påmelding. Arr: Trimgruppa Dimna idrettslag

Stad
Naturfestivalen
6150
ØRSTA
Kommune: