ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Topptur til Slogen, Småbåttreff i Ørsta Småbåthamn 3., 4. og 5. august, Tur til Keipen, Rundtur på Bjørkedalsvatnet med historieforteljing, Grillkos ved Bjørkedalsvatnet og Familietur til Stokkesætra.
Topptur til Slogen
Turen er lang og knea får kjørt seg skikkeleg. Siste biten til topps er litt klyving, men ikkje verre enn at når vi tek tida til hjelp vil dei fleste oppdage at det er ikkje så gale som fyrsteinntrykket gjerne gir bilete av. Gode fjellsko og gode kne er nødvendig. Dei som ynskjer kan overnatte etter turen på Patchellhytta. Maks 6 deltakarar. Pris per deltakar ved 6 deltakarar 950,-. Bindande påmelding, depositum ved påmelding, avbestilling 7 dagar før, full pris. Påmelding og info til post@norgesguidene.no eller tlf 92054057. Arrangør: Norgesguidene. Ynskjer du kontakt direkte med føraren kan du sende ei melding til sverre@norgesguidene.no eller 99035444
Småbåttreff i Ørsta Småbåthamn 3., 4. og 5. august
Ørsta Småbåtlag inviterer til småbåttreff og kan tilby særs gode fasilitetar. Plass til over 100 gjestebåtar. Det vert sett opp telt med plass til 500 personar, det vert grilling, servering og mykje god musikk.
Arr: Ørsta Småbåtlag v/ Odd Paulen, tlf 90605819.
Tur til Keipen
Bli med til toppen av det kjegleforma fjellet Keipen. Middels tung tur opp til 944 m.o.h. Køyr 1,5 km frå E39 ved Straumshamn i retning Austefjorden. Her køyrer det bomvegen til endes opp til vatnet i Lisjedalen. Oppmøte kl 09:00. Turleiar Hildegunn Mork. Gratis tur. Ikkje påmelding.
Rundtur på Bjørkedalsvatnet med historieforteljing
Prøv å ro eit ekte vikingskip på Bjørkedalsvatnet, og finn ut meir om dei gamle båtbyggjartradisjonane.
Vikingskipa ligg ved brygga. Ein kan kome mellom 14:00 og 16:00. Pris er minimum kr 100,- per person.
Arr: Jakob Helset
Grillkos ved Bjørkedalsvatnet
Det vert lagt til rette for grilling ved Bjørkedalsvatnet (ved vikingskipa) om ettermiddagen. Grillkol er tilgjengeleg, og det er lagt til rette for at ein kan lage seg kaffi på kjøkkenet. Ta med grillmat!
Familietur til Stokkesætra
Frammøte kl 14.00 i Frølandsdalen (enden av bomvegen) på Stokkesida. Fin tur for småbarnsfamiliar, lett å gå. Ta med mat, vi tenner bål. Gratis tur. Arr: trimgruppa på Sæbø
Dato | Kva |
---|---|
28 jan |
Riksteatret: Mio, min Mio Ørsta kulturhus |
28 jan |
Steinar Raknes - STILLHOUSE m/Unni Wilhelmsen Ørsta kulturhus |
28 jan |
Riksteatret: Mio, min Mio Ørsta kulturhus |
05 feb |
Eva Weel Skram / Konsert Ørsta kulturhus |
06 feb |
Barn ingen adgang! Ørsta kulturhus |
28 feb |
Konsert med Stig Ulv Ørsta kulturhus |
02 mar |
Riksteatret: Eg snakkar om det heile tida Ørsta kulturhus |
11 mar |
Konsert / Knut Marius Djupvik med band Ørsta kulturhus |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no