Naturfestivalen

Måndag, 30 juli, 2012

Klatring på Bladet ein særeigen pinakkel (tårn) i Molladalen, Tur til Klokkura og Tryvatna og Fiskedag i Ørstaelva for born og ungdom.

Klatring på Bladet ein særeigen pinakkel (tårn) i Molladalen

Vi startar tidleg frå Barstadvik og går opp til Molladalen. Vi går ei av rennene til vi kjem opp mellom Mohns topp og Randers Topp. Her går vi inn på breen og bort til Bladet. Klatringa er ikkje så vanskeleg som bileta gjev inntrykk av, vi klatrar med fjellsko og slepp ta med klatresko. Maks 4 deltakarar. Pris per pers ved 4 deltakarar: 1500,-. Bindande påmelding, depositum ved påmelding, avbestilling 7 dagar før, full pris. Påmelding og info til post@norgesguidene.no eller tlf 92054057. Arrangør: Norgesguidene. Ynskjer du kontakt direkte med føraren kan du sende ei melding til sverre@norgesguidene.no eller 99035444

Tur til Klokkura og Tryvatna

Slakk, men flott tur i godt turterreng. Start frå enden av vegen på Stokkesida kl 1800. Du køyrer opp ved Stokke, betalar 30 kr på kassa til bomvegen. Ikkje påmelding. Arr: Trimgruppa på Sæbø v/ Bodil Skare

Fiskedag i Ørstaelva for born og ungdom
Kl 17.00 - 20.00 Fiske på Ose i Ørstaelva. Oppmøte: Laksetunet på nedsida av Osbrua.
Ta med eige fiskeutstyr, kan også lånast hos Ø.J.F.F. Opplæring og rettleiing. Etter fisket vert det sosialt samvær og grilling på Laksetunet. Bruk flytevestar til dei minste. Born og ungdom under 16 år, gjerne med føresette, er velkomne. Gratis. Ikkje påmelding. Arr: Ørsta Jeger og fiskarforeining v/Per Bjerke

Stad
Naturfestivalen
6150
ØRSTA
Kommune: