Naturfestivalen

Søndag, 5 august, 2012

Klatring på Bladet ein særeigen pinakkel (tårn) i Molladalen, Open dag på Erdalen Gard i Barstadvik 12.00-16.00, Tur til Vasstøylen og Kvamsedalen, Ørstarittet 2012, Trimrittet Follestaddalen rundt og Embla-pilegrimsvandring frå Bryggja over Berstadeidet til Eide i Selje kommune.

Klatring på Bladet ein særeigen pinakkel (tårn) i Molladalen

Vi startar tidleg om morgonen frå Barstadvik og går opp til MolladalenVi går ei av rennene til vi kjem opp mellom Mohns topp og Randers Topp. Her går vi inn på breen og bort til Bladet. Klatringa er ikkje like vanskeleg som bileta gjev inntrykk av, vi klatrar med fjellsko og slepp bære med oss klatresko. Maks 4 deltakarar. Pris per pers ved 4 deltakarar: 1500,-. Bindande påmelding, depositum ved påmelding, avbestilling 7 dagar før, full pris. Påmelding og info til post@norgesguidene.no eller tlf 92054057. Arr: Norgesguidene. Ynskjer du kontakt direkte med føraren kan du sende ei melding til sverre@norgesguidene.no eller 99035444

Open dag på Erdalen Gard i Barstadvik 12.00-16.00

Møt det varierte dyrelivet på garden, og bli med på aktivitetar som m.a. kusafari med traktor og hengar, hesteridning og lamariding for dei minste. På garden er der også geiter, høns, kaninar, ender, shetlandsponny m.m. Kiosk med landets beste sveler. Inngang kr 50,- per person. Arr: Erdalen Gard.

Tur til Vasstøylen og Kvamsedalen

Oppstart kl 10.00 I Kvistadalen. Vegvisar vert Ivar Svein Mo. Det er ein heller lang tur. Ha gode sko og ta med klebyte, niste og drikke. Frå Kvamsedalsbrunene er det nydeleg utsikt til Viddal, Leira, Bjørke og Finnes. Gratis tur. Ikkje påmelding. Arr: Hjørundfjord kulturvernlag

Ørstarittet 2012

Ørsta Sykkelklubb arrangerer turrittet Ørstarittet for sjette gong. Rittet går frå Ørsta Stadion gjennom Follestaddalen, gjennom Åmdalen, over Bondalseidet, vending på Sæbø, over Krøvelseidet, gjennom Volda sentrum, rundt Bjerkneset, Melsbygda og tilbake til start. Lengde 105 km.

Trimrittet Follestaddalen rundt vert arrangert på same tid, lengde 27 km. Dette er ei flott løype også for unge syklister og familiar. Info om påmelding på www.orstasykkelklubb.no.

Embla-pilegrimsvandring frå Bryggja over Berstadeidet til Eide i Selje kommune

4. etappe av pilegrimsvandringa frå Kile til øya Selje. Oppmøte kl 12.00 utanfor kafeen på Bryggja. Ikkje påmelding. Det vert høve til å kjøpe pilegrimsbrev for endt etappe på kr 50,-. Inntekta går til Stiftinga Embla, kvinneskipet ro for fred, som står som arrangør for pilegrimsvandringa.

Stad
Naturfestivalen
6150
ØRSTA
Kommune: