Naturfotograf Geir Magne Sætre stiller ut i galleri EogE

Fotograf: Geir Magne Sætre.
Laurdag, 2 mars, 2013 klokka 10:00-16:30
Måndag, 4 mars, 2013 klokka 10:00-16:30
Tysdag, 5 mars, 2013 klokka 10:00-16:30
Onsdag, 6 mars, 2013 klokka 10:00-16:30
Torsdag, 7 mars, 2013 klokka 10:00-18:00
...og vidare enda fleire datoar.
Vis/skjul alle datoar
Naturfotograf Geir Magne Sætre, ny gjesteutstiller i minigalleriet til galleri EogE i Fosnavåg. Då går vi for ein ny måte å skildre naturen på. Etter den vellykka maleriutstillinga til Roy A. Dahl er det no fotolinser som fanger motivet i staden for penselen. Det dei allikevel har felles er blikket for gode motiv og utsnitt. 

Geir Magne Sætre, 40 år, fra Gursken har motiv fra naturen som hoved interesse. Han ser på foto som kunst og prøver å formidle det gode lyset og stemningane vi har rundt oss i naturen. Spesielt her på kysten av Sunnmøre er det mange flotte stemningar å fange med kameraet. Favorittmotivene hans er kystlandskap med havet som ein del av bilda. I tillegg liker han å jobbe med fuglar og dyr i naturen som motiv. Også små detaljer er spennande å jobbe med. Sætre seier at: «Utviklinga som naturfotograf har vert bratt og intensiv, eg har berre fotografert i 3-4 år, men har allereie  rukke å verte internasjonalt kjent med det spesielle fuglebildet « mirror bird». I 2012 vart det også ei god plassering i NM for naturfotografer og diverse andre fotokonkurranser.


«Eg merker stor interesse for bilda og bildestilen min og det er noko eg setter pris på» seier Sætre.


Utstillinga opner 2. mars og varer fram til 5. april. Sætre vil være å treffe på opningsdagen frå kl 12.00.

Stad
EogE