New Jordal Swingers

New Jordal Swingers. Pressebilete.
New Jordal Swingers. Pressebilete.
Fredag, 15 august, 2014 klokka 22:00

New Jordal Swingers skal spele til dans under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik fredag 15. august.

Oslo-bandet har eksistert i over 40 år, og har ikkje tenkt å gje seg med det aller første, for no er bandet snart klare med sitt femtande studioalbum. Gruppa vart starta i 1971, og var på den tida backingbandet til ein av Norges aller første rockarar, Per «Elvis» Granberg – ein mann som allereie den gongen var rock-veteran.

Sidan den gongen har bandet selt ein million plate-eksemplar og spelt eit utal konsertar rundt om i Norge. Av dagens medlemmer har vokalist og pianist Eigil Berg (64) og trommeslagar John Kolloen (69) vore med sidan starten.

Bandet spelte på 1970-talet 200 konsertar i året – og gav kvart år ut ny LP-plate og fleire singlar, og vart år etter år kåra til landets mest populære gruppe. Men så – i februar 1982 - vart gruppa ramma av tragedie. Bandbussen vart treft av eit steinras mellom Førde og Naustdal. Fire personar i bussen miste livet, blant dei gitarist Finn Jon Andresen og bassist Håkon Vellesvik. Bandet vart etter denne ulykka lagt på is i vel eitt år framover, men starta opp igjen i løpet av 1983.

I år er det 40 år sidan New Jordal Swingers kom ut med si første plate. Det vert feira med ei jubileumsplate, og dans i festivalteltet under Trebaatfestivalen.



Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 310,-

Billettar i sal frå onsdag 9. april kl 09.00.

Overnatting og mat
Quality Hotel Ulstein ligg i same hus som Sjøborg kulturhus. Dei byr på spennande menyar i restauranten og gode prisar på hotellpakkar. Ta kontakt på 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no for meir informasjon.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: