Nils Olav Johansen Quartet

Nils-Olav Johansen Quartet. Fotograf: Marit Lystad Johansen.
Nils-Olav Johansen Quartet. Fotograf: Marit Lystad Johansen.
Onsdag, 1 februar, 2017 klokka 19:30

Nils-Olav Johansen Quartet består av Vigleik Storaas, Ole Morten Wågan, Jarle Vespestad og Nils-Olav Johansen.

Dette er musikarar som har prega den norske og internasjonale jazzscena gjennom mange år, noko dei har vist gjennom internasjonalt lanserte artistar/grupper og fonogram med Karin Krog, Bjørn Alterhaug, Vigleik Storaas trio, Motif, Håvard Wiik trio, Bugge Wesseltoft, Jon Balke, Farmers Market, Supersilent, Tord Gustavsen, Silje Nergård, Trondheim Jazzorkester, Michael Brecker , Ivo Papasov m.m. 

I denne sammenhengen er kreativt og leikent samspel satt i fokus for skapinga av musikk. Spillegleda og den energien som blir skapt av akkurat denne besetninga er det best å oppleve live! Musikken er basert på både egenkomponert stoff og bearbeiding av andres komposisjonar. 

Storaas og Johansen arbeidar saman om utforminga av musikken. Musikken peikar mot vest i eit europeisk/nordisk harmonisk uttrykk ,med linjer til aust med oddetallsrytmer og orientalske skalafargar. 

Stad
Fosnavåg Konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: