No ligg steinrøysa solvarm... - Prøysencabaret med Con Moto

Øving på Prøysencabaret med Con Moto. Foto: Con Moto.
Øving på Prøysencabaret med Con Moto. Foto: Con Moto.
Laurdag, 29 oktober, 2016 klokka 19:00

Etter to-tre år der Con Moto har arbeidd med Alf Prøysen sin songskatt, og der prosjektet har vorte tatt fram og lagt til side igjen pga andre oppgaver og hendingar, er koret no i gang med oppkøyring og finjustering med tanke på ei framføring på Sjøborg sist i oktober. 

Som ved fleire tidlegare høve var det naturleg for koret også denne gongen å søke samarbeid med Dagfinn Olav Bye.  Og no, som tidlegare, har han lagt ned mykje tid og arbeid i å leite fram, og å skrive litt om Alf Prøysen sitt liv.  Dette vil vere bakgrunnstoff for å binde saman dei visene koret skal framføre.  Til å fortelje historiene mellom songane har koret fått tak i to vaskeekte Hedmarkingar med «rett» dialekt.  Frå midten av april har Dagfinn vore med på øving kvar måndag.  Det er mykje som skal på plass og som skal klaffe når koristane skal konsentrere seg både om tekst og om sceneopptreden, men kjekt er det, og innøvinga går med stor entusiasme og godt humør.

I den fine visa som Erik Bye skreiv til og om Alf Prøysen etter at han døydde, heiter det i eit av versa: «han sang for alle, men mest for unga, og de veit best at’n Alf var tel». Koret sine medlemar høyrer til den generasjonen som benka seg foran radioapparata om morgonen og høyrde barnetimen med Prøysen.  Ei av koret sine medlemar har heile livet tatt godt vare på eit kort med personleg helsing frå den populære barnetimeonkelen, etter at ho som lita jente sende inn svar på ei oppgåve til barnetimen. 

Når koret til hausten inntek scena på Sjøborg ikledd tidsrette antrekk og rekvisittar, trur vi dette vil bli ein koseleg kveld som passar for folk i alle aldrar.

Dirigent for koret denne hausten er Einfrid Grindheim, med musikarane Peter Demirov og Kåre Jørve.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 270,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: