Nordic Tenors: Con Amore

Nordic Tenors. Pressefoto.
Nordic Tenors. Pressefoto.
Søndag, 15 januar, 2017 klokka 19:30

Endeleg kjem Nordic Tenors tilbake til Ørsta kulturhus, denne gong med si nye framsyning "Con Amore"!

Framsyninga, som har fått tittelen "Con Amore" (med kjærleik) vil gi publikum ein kveld spekka med musikalske høgdepunkt og mykje humor. Nordic Tenors erklærar sin kjærleik til dei vakre, klassiske perlene frå operaen si verd og til musikalske høgdepunkt frå pop- og visesjangeren. Deira nydelege stemmer vil gi både gåsehud og uforgløymelege augeblikk. Dei sjarmerande tenorane har vunne publikumshjartene like mykje for sine humoristiske innslag som for sine flotte stemmer. Publikum kan derfor glede seg til både store musikalske opplevingar og herlege humornummer som garantert vil gi lattermusklane god trim!

Nordic Tenors består av tenorane Roald Haarr, Sveinung Hølmebakk og Jan-Tore Saltnes. Dei har med seg sin eminente pianist Øystein Lund Olafsen.

Gruppa har tidlegare vunne Komiprisen, vore kongelege toastmasterar, opna den nye operaen i Oslo og har vunne publikum sine hjarte over heile landet.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 

Kommentarar

Du kan fortsatt rekke det!!

Sider