Norsk Reisning

Plakat Riksteatret.
Plakat Riksteatret.
Måndag, 10 november, 2014 klokka 19:00

Frå viking til veiking på 120 minutt!
Espen Beranek Holm, Elisabeth Moberg, Teodor Janson & Co parodierer kjente nordmenn og kastar eit skråblikk på Noreg.

Humormusikalen
Norsk reisning
Av Kjetil Indregard. Komponist Atle Halstensen.

Alarmen går! Noreg er atter i krig! Men orkar vi tanken på å gøyme oss i skogen utan getboks og caffè latte – og med skikkeleg dårlig nettilkopling? Alt håp er ute… om det ikkje var for Henrik Wergeland! Som ein hyperaktiv reiseleiar vender folkehelten vår tilbake for å forklare oss – for siste gong – kva det vil seie å vere ein ekte nordmann. I eit desperat forsøk på å redde oss, tar han oss med på ei musikalsk rundreise i historia vår, for å lære oss kvar vi kjem frå og kven vi egentleg er. Men er det for seint?

Norsk reisning er skrive av Kjetil Indregard, ansvarleg for humorsuksessar som Kongsvik ungdomsskole og videregående (regi) og Helt perfekt med Thomas Giertsen (manus). Komponist Atle Halstensen står bak dei fleste av landets store musikaloppsettingar, mellom anna premiereklare Billy Elliot. Regien er ved Kim Sørensen, som hausta strålande kritikkar for oppsettinga av Blackbird for Riksteatret. I rollene møter du Espen Beranek Holm (Hallo i uken, Løvebakken, Spamalot m.m.), Elisabeth Moberg (Kvinner på randen m.m.), Teodor Janson (skodespelar og regiansvarleg for Ylvis og Raske menn m.m.) og Monica Hjelle (sist sett på Riksteatret i Dickie Dick Dickens). Og mange, mange fleire!

Speletid: 2 timar og 15 minutt (inkl. pause)  

Opplev meir:
Det blir inga framsyning om Noreg og nordmenn utan eit ekte skulekorps på scenen og i foajeen!

Urpremiere i Oslo 4. september.
Turnépremiere i Bodø 10. september.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: