Norvald Dahl trio m/Jon Irabagon

Norvald Dahl Trio. Pressebilete.
Norvald Dahl Trio. Pressebilete.
Onsdag, 3 februar, 2016 klokka 19:30

Hardtsvingande jazz! "New York møter Fosnavåg".

Pianist og Herøyværing Norvald Dahl tek med seg heim eminente musikarar frå Bergen så vel som frå jazzscena i New York. Dette orkesteret legg no ut på sin tredje norgesturné. Dei vitja Fosnavåg sist i 2013 der dei spelte for eit begeistra publikum. Jon Irabagon, frå Chicago, er busett i New York og er ein av verdas fremste saksofonistar. Han har fått fleire utmerkelsar og turnerar verda rundt med mange profilerte artistar. Bassist Alexander Grieg og trommeslagar Nils Are Drønen har lang fartstid som profesjonelle musikarar, og er begge virtouse på instrumenta sine. Alle medlemmane i bandet skriv musikk, og vi får høyre spennande komposisjonar så vel som improvisasjonar rundt kjendte melodiar frå det amerikanske jazz-repertoiret. Norvald Dahl trio m/Jon Irabagon gler seg spesielt til å spele i Fosnavåg Konserthus og vi håper dette blir ei oppleving for både jazzinteresserte og andre musikkelskande.
Norvald Dahl – piano
Jon Irabagon (US) – saksofon
Alexander Grieg – kontrabass
Nils Are Drønen – trommer
Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: