Nymark Collective m/Halv8: Sildesølv

Nymark Collective m/Halv8: Sildesølv. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Nymark Collective m/Halv8: Sildesølv. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Fredag, 18 november, 2016 klokka 19:00

Via tidlegare samarbeid har vokalgruppa og Nymark Jr. no innleidd eit samarbeid der dei har funne kvarandre i eit spanande musikalsk konsept.

Kåre Nymark jr har komponert og arrangert ein konsert som jazzkvartetten og Halv8 urframfører i Fosnavåg. Kriteria for konserten er lokal forankring, nynorske tekstar og musikalsk breidde, der nykomponert jazz møter nynorsk lyrikk og vokal. Tekstane er henta frå lyrikaren Hilde Myklebust sine mange samlingar.

Musikken vil ha eit tydeleg utgangspunkt i jazztradisjonen, men ei open og tidlaus tilnærming til stilartar, der både afrikansk musikk, karibisk musikk og inspirasjon frå soul og blues vil finne sin naturlege plass i uttrykket. 

Kåre Nymark jr/Nymark Collective
Bandet har blitt beskreve som ein brubyggar mellom stilartar og generasjonar i jazzen. Referansar frå tidleg jazz blir blanda med meir moderne elementar og framført på ein vital og kreativ måte, og gir bandet eit uttrykk som har gleda både publikum og kritikarar sidan starten i 1999. Bandet har gitt ut fire plater, og har også skreve tingingsverket til Oslo Jazzfestival . Bandet er samansett av: 

Kåre Nymark jr – trompet
Tord Gustavsen – piano
Mats Eilertsen - bass
Kenneth Ekornes – trommer

VOKALGRUPPA Halv8
Vokalgruppa Halv8 har sine røter på Sunnmøre og tilhaldsstad i Ålesund. Vokalgruppa er samansett av  ni songarar , fire menn og fem kvinner, med bakgrunn frå ei rekkje lokale og semiproffesjonelle ensembler. Vi kan nemne SKRUK, Fem damer med mannskor, Ålesund kammerkor, Det Norske kammerkor, Ensemble Dali, Oslo Domkor, for å nemne nokre.  I tillegg har fleire av songarane kora artistar som Carola, Bjørn Eidsvåg, Jan Eggum m.fl. 

Vokalgruppa Halv8 har samarbeidd tett med lokale aktørar, framført ei rekke arrangement av lokale arrangørar,  har samarbeidd med blant fleire Ivar Åsentunet og Dei Nynorske festspela, tekstforfattar Hilde Myklebust, Bjørn Holum, Brattvåg janitsjar, Sykkylven Janitsjarorkester (SJORK), The Red roosters bluesband, Stolen moments,   kulturdagane I Spjelkavik kyrkje og Hareidsstemna i tillegg til små og store arrangement i eigen regi.  

Dei har etter mange år utvikla ein heilt unik klang og gjennom sitt allsidige repertoar funne sin plass på svært ulike arenaer.

HILDE MYKLEBUST
(f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008.

Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande.

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: