Nyttårskonsert

Laurdag, 5 januar, 2013 klokka 18:00

Sunnivakoret, med dirigent Per Oddvar Hildre og Ytre Suløen med solist Tricia Bouttee, feirar inngangen til sine jubileumsår med dei tradisjonelle nyttårskonsertane.

Laurdag 5 januar får Brattvåg og Ingebrigt Davikhuset besøk av Sunnivakoret og det renommerte jassensemblet. Vi håper på like god stemning som det var i Gomerhuset i Skodje i fjor!

Som nemnt har både Ytre Suløen og Sunnivakoret jubileum i 2013. Y.S. har snart halde det gande i 40 år(!), mens Sunnivakoret vil bli 10 år. I åtte av desse åra har vi halde nyttårskonsertar i Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal, eit samarbeid vi verkeleg set pris på og som også har resultert i andre opptredenar saman, bl.a. på tidlegare Sunnivafestspela i Selje, Kostarikjedagane i Syvde, samt sommarkonsertar i Sogndal og på Skei.

Vi i Sunnivakoret håper mange også i år vil finne vegen til årets nyttårskonsertar. Vi kan iallfall love ei ei svingande og kraftfull konsertoppleving i starten på det nye året!

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: